- 25 varmegradar i Tafjord. Molde hadde heile 29 gradar. Ørsta og Volda 27 gradar. Ålesund 26 gradar. Og Vigra 25 gradar - det er sjeldan, ramsar Terje Alsvik Walløe opp. Temperaturane er målt i 17-tida søndag. Statsmeteorologens ord er som den reinaste hyllesten til godvêret som har velsigna Sunnmøre og resten av landet denne helga. Og vi har meir knallvêr i vente.

Held fram

-Høgtrykket i Sør-Norge vert liggjande, og det betyr opphald, varme og sol fram mot helga, også på Sunnmøre, seier Walløe.

Ifølgje statsmeteorologen har det vore ein veldig fin juli på Sunnmøre så langt. Ein julimånad godt over gjennomsnittet. Tafjord har så langt eit døgnsnitt på 17,4 gradar, og det er 3,5 gradar over normalen, opplyser Walløe.

Den høgste temperaturen målt i Tafjord denne månaden er 32,3 gradar, målt 9. juli.

Ikkje tropenatt

Sjølv om helgas temperaturar har kjentes tropiske ut for mange sunnmørskroppar, har det ikkje vore tropenatt på Sunnmøre. Faktisk er det ikkje registrert nokon stader denne helga. At lufttemperaturen ikkje fell under 20 gradar i løpet av natta, er sjeldan kost her til lands, skal vi tru Walløe.

Temperaturane på Sunnmøre natt til søndag låg mellom 13 og 17 gradar.

Bading

Mange har også nytta det herlege julivêret til å dyppe litt meir enn stortåa i sjøen. Ifølgje yr.no si oversikt over badetemperaturar, hadde Hakallestranda i Vanylven kommune lufttemperatur på 25 gradar og vasstemperatur på 19 gradar, målt søndag klokka 08.00.

Klokka 14 søndag vart det målt 21 gradar i vatnet i Kringstadbukta på Molde. Saltkjelsnes Camping i Rauma kommune kunne skilte med ein vasstemperatur på 20 gradar klokka 11 i dag.