– Dette er ein vinn-vinn situasjon for både FOSAC og Sølvtrans, og det er viktig for bransjen, fastslår adm.dir. Roger Halsebakk i Sølvtrans as.

Brønnbåtselskapet går inn med betydeleg beløp i simulatorsenteret FOSAC som no omstiller seg for nye marknader.

Håndterer enorme verdiar

Senteret skal mellom anna utvikle nye system for handtering av fortøyning av offshoreanlegg, samt lasting og lossing til og fra dei store anlegga offshore.

– Det er viktig å finne optimale løysingar før ein går ut og syne oppdrettarane korleis ting går føre seg. Når fisk har stått i eit anlegg i 15-18 månader er det to år sidan sist dei leverte fisk. Då kan det vere greit å ha ein drill før ein tar til å handtere tusenvis av flotte fiskar. Erfaringsoverføring er mykje lettare på ein simulatorstasjon der det kostar mindre å feile og skadene vert mindre, påpeiker Halsebakk.

Kunne unngått lusespist laks

Sølvtrans fekk nyleg overlevert sin siste brønnbåt, Ronja Supporter. Den er søsterskipet til Ronja Challenger som blei levert i vår. Ombord er det mykje utstyr for handtering av fisken og høgt fokus på dyrevelferd. Mellom anna system som reinsar fisken for lus.

Fisken vert bada i ferskvann, dei fangar opp all lusa, og fisken går ut igjen i rein not.

– Det er det beste for fisken og mest miljøvennleg for omgjevnadane, seier Halsebakk.

– Frå den vert satt i sjøen som småfisk til den blir slakta på slakteriet har ein laks vore ombord i ein brønnbåt ca. fem gonger, tilføyer han.

– Den seinare tid har skrekkbilete av oppdrettslaks frå Trøndelag med store skadar frå lakselus sjokkert kraftig?

– Dette galdt eit par anlegg. Situasjonen kunne kanskje ha vore unngått om dei hadde hatt tilgang på riktig utstyr. Viss vi hadde fått laksen ombord, kunne dei fått avlust laksen før utviklinga kom så langt at dei mista kontrollen, meiner Halsebakk.

Formidabel utvikling for brønnbåtar

Sølvtrans har halde på i 31 år og opererer over heile verda. Halsebakk seier det har vore ein formidabel utvikling i bransjen. Skipa blir større og operasjonane meir kompliserte med handtering av store verdiar.

– Vi treng mange nye folk som vi må ta inn frå andre bransjar. Folk må ha same sertifikat som elles i offshore; brønnbåtar er klassifisert som fraktebåtar.

Vi er nøydde til å vere heilt sikre på at vi har riktig utstyr og riktig kapasitetar. Internt i Sølvtrans har vi forskjellige selskap som gjer innnkjøp og set ombord utstyr til oss, medan vi har mannskapsbiten når båten skal køyrast i gang.

I årevis har vi nytta oss av dedikerte skipperar og maskinistar. I tilleg er det viktig å ha folk som kan handtere fisken og den biten, seier Halsebakk.

– Einaste forskjellen på ein cruisebåt og ein brønnbåt er at cruisebåten har 2000 passasjerer, medan brønnbåten har 100.000, tilføyer han ein smule humoristisk.

Omfattande arbeid for FOSAC

Dagleg leiar i FOSAC, Håvard Stave, seier at simulatoren i første omgang vil rette seg mot brønnbåtoperasjonar.

– Vi ser også at teknologien kan brukast inn mot anna industri som vindparkar, flytande bølgekraftverk og andre spennande ting ute i havet innan subsea.

Det blir eit omfattande arbeid for oss. Offshore Simulator Centre i Ålesund leverer teknologi til oss. Vi blir tilført nye kundar som skal ha nye simulatorar og operasjonstrening. Også ein del av utstyrsleverandørane og skipsdeignarane blir invitert til å vere med på det som vil skje, seier han.

Skrekkbilete frå laks oppeten av lakselus i Trøndelag. Kunne ha vore unngått, meiner Roger Halsebakk. Foto: Mattilsynet