Noreg deler informasjonen med land som deltek i det internasjonale fiskerisamarbeidet Blue Justice initiativet, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

– Kampen mot ulovleg fiske er veldig viktig for ein stor havnasjon som Noreg. No deler vi norsk teknologi og kompetanse med mange andre land for å få bukt med problemet, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Landa skal få dataa gratis og kan gjennomføre analysar sjølv. Landa kan også få gratis bistand frå den norske sporingseininga i Vardø, som er bemanna med analytikarar frå Kystverket og Fiskeridirektoratet.

– Dette er grensekryssande organisert økonomisk kriminalitet, som tappar hava for milliardverdiar. Fiskerikriminalitet truar økosystema og berekrafta i havet, og tappar lokalsamfunn for arbeidsplassar og verdiar, seier Skjæran.

(©NPK)