Nesten to år med ventetid og kolonnekøyring er over. Av dei lange tunellane er Innfjordtunnelen no blitt ein av dei sikraste i landet, ifølgje Vegvesenet. Prosjektleiar Halgeir Brudeseth i Vegvesenet viser rundt:

– Dette er ein radar – ikkje for å måle fart, men for å avsløre unormale hendingar. Ein gjenstand i vegbana, eller folk som går i tunellen, utløyser ein alarm på vegtrafikksentralen. Så kan dei følgje med på kamera.

Først i landet

Bilistane kan også få beskjedar på høgtalar i tunellen. – Dette er første tunell i landet med talevarslingsanlegg med full dekning i heile tunellen, fortel Brudeseth.

Fire snunisjer for vogntog er sprengt ut. Skilt som varslar «Snu og køyr ut» blir aktivert ved naudsituasjonar. Avstanden mellom naudtelefonane er redusert frå 500 meter til 125 meter. Ei lysstripe langs vegkanten blir tent om tunellen blir stengt. Viftene i tunellen er dobbelt så kraftige, og retninga på luftstraumen kan styrast, opplyser karane.

Kom desperat til stengt tunell

Nesten kvar kveld og natt i 21 månader har Innfjordtunellen vore stengt 12 timar – med fem kolonnar kvar veg til faste tider. Ikkje alle har nådd fram i tide. Caroline Gjerde Hovde fortel at dei desperat kom til stengt tunellen med ein sjuk toåring med høg feber, på veg til lege.

– Det var meir enn ein time til neste kolonne, fortel ho.

Då stilte sjåføren i ledebilen opp med ein gong og losa dei igjennom. – Han sa at dette ikkje var eit problem. Vi vart tatt så seriøst, og det gjekk så lett.

Ikkje alle har vore like heldig. Det er ikkje alltid at det har vore forsvarleg å køyre gjennom tunellen utanom kolonnetidene, opplyser Nortrax, som har stått for trafikkavviklinga.

Måtte det ta to år?

Arbeidet har gått etter planen. Men måtte tunellarbeidet ta nesten to år?

– Dersom vi hadde stengt tunellen heilt, hadde vi greidd det på under halve tida med den same bemanninga, seier byggeleiar Løvik. Altså på 10 månader. Og med arbeid både natt og dag, altså dobbel bemanning, hadde det sikkert gått på fem månader.

– Vi vurderte ferje. Det har jo gått ferje her før, seier Brudeseth, og tenker på den gong det store steinraset stengde vegen november 1989. Det raset har aldri blitt rydda. I staden vart det oppretta eit midlertidig ferjesamband mellom Innfjorden og Åndalsnes. Raset, der ein person omkom, gjorde at det vart vedtatt å bygge den 6,6 km lange Innfjordtunnelen. Tunellen stod ferdig hausten 1991.

– Trafikken har auka mykje sidan den gong. Her er omtrent like mykje trafikk som i ferjesambandet Molde-Vestnes. Ferje hadde blitt langt dyrare, og gitt eit dårlegare tilbod på dagtid, seier Brudeseth. Også Måndalstunellen har fått ei kraftig oppgradering dei siste to åra – så i tilfelle hadde det blitt ein relativt lang ferjetur.

Vask står att

– Her er veldig støvete. Det er ikkje vaska ned enno, unnskylder byggeleiar Jon-Trygve Løvik.

Innfjordtunnelen er siste vegstrekning i fylket der bilane har køyrt på betong. No er betongen slipt ned fleire centimeter, og lufta er full av støv.

Og snart er det slutt på nattarbeid og kolonnekøyring. Denne veka er det asfaltering og oppmerking. Neste veke er det nedvask. Så er det etter planen slutt.

– Det er fint å vere ferdig. Men det er også litt trist at teamet no blir splitta opp og går til nye prosjekt, seier byggeleiar Løvik.

Sjå bildeserie over.

Desse radarboksane måler ikkje fart men skal overvake at alt er normalt. Foto: Per Ove Stige
Innfjordtunnelen er første i landet med talevarslingsanlegg med full dekning i heile tunellen, ifølgje prosjektleiar Halgeir Brudeseth. Foto: Per Ove Stige
Caroline Hovde gir skryt for rask hjelp frå Nortrax då dei hadde febersjukt barn i bilen. Foto: Privayt
Avstanden mellom naudtelefonane er redusert til 125 meter. Bruk desse framfor din eigen mobiltelefon, då ser Vegtrafikksentralen akkurat kvar du er, seier byggeleiar Jon-Trygve Løvik. Foto: Per Ove Stige