Vegen mellom Grodås og Røyrhus bru ved grensa til Stranda er dårleg, og mange meiner utbetring av vegen bør flyttast opp på prioriteringslista til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Allereie i dag går mykje av tungtransporten nord-sør gjennom fylket på FV 60, men erfaringsmessig vil ein del av desse køyre andre vegar om vinteren. Dette på grunn av dårleg standard på FV 60 gjennom Hornindal, i tillegg til rasproblematikken mellom Røyr og Hellesylt, skriv lokallaga til Norges Lastebileier-Forbund i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i eit felles opprop for utbetring av vegen.

Flaskehals

Rasproblematikken ved Hellesylt vil i stor grad vere løyst når tredje byggesteg på strekninga Røyr–Hellesylt er fullført.

– Då vert det kun flaksehalsen gjennom Hornindal som tvingar tungtransporten andre vegar. Der er faktisk ein del offshore-bedrifter som gjev sine transportørar forbod mot å køyre denne vegen på vinteren.

E39 gjer behovet endå større

Lastebileigarane meiner valet av E39 gjennom indre Nordfjord gjer behovet for utbetring av fv. 60 endå større.

– Tungtransporten er ikkje opptekne av vegnummer, men veljer den vegen som til ei kvar tid er kortast, raskast og mest miljøvenleg. Derfor må ny FV 60 verte prioritert.

Måndag skal politikarane i Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane på køyretur på vegen for å sjå på tilhøva.