- Kva er di hjartesak?- No er det å forbetre utdanningspolitikken og forskingspolitikken. For å skape eit godt arbeids- og næringsliv og god framtidig velferd, må me lukkast her.

- Kva gjorde at du engasjerte deg politisk?- Eg var opptatt av urettferdigheit i samfunnet og internasjonal politikk.

- Kor lenge har du vore med i politikken? - Mykje av mitt vaksne liv, i 20 år.

- Korleis nyttar du sosiale medier i valkampen?- Eg prøver å få ut politiske meiningar og setje søkelys på viktige tema.

- Fortel om den beste sommaren du har hatt.- Den beste sommaren er når vêret er så fint at gardsarbeidet går så fort at det blir tid til å nyte Vestlandet og ferien i lag med slekt og vener.

- Og korleis var din verste sommar? - Trur ikkje eg har hatt ein dårleg sommar. Sjølv om vêret kan vere skiftande, så er Vestlandet heilt fantastisk. Det er berre å kome seg ut.