Om lag  450 andreårslærlingar er denne veka er samla til lærlingedagar i dei tre største byane i fylket.

Liv Amalie Ødegaard er i gang med sitt andre år som lærling som salsmedarbeidar hos Elkjøp Ørsta. Der har ho fått mykje ny kunnskap, mellom anna om kvitevarer og kundebehandling. Ho trur det er alfa og omega å interessere seg for det ein skal selje, og vise vilje til å lære, for å få best muleg utbyte av læretida.

-Eg hadde praksisveke på Elkjøp før læretida. Slik fekk eg bevise kva eg kunne, og dei fekk eit skikkeleg inntrykk av meg før eg vart lærling hos dei, fortel Ødegaard. Til hausten satsar ho på påbygg og å jobbe som ekstrahjelp hos Elkjøp ved sida av. Jobben har absolutt gitt meirsmak.

Lærlingedagar

Tysdag var det lærlingedagar i Kristiansund, onsdag i Ålesund og torsdag i Molde. Som lærling har dei éin fot i arbeidslivet, men mange har behov for meir informasjon og hjelp, for at overgangen til yrkeslivet skal bli endå lettare, opplyser Åse Vatne Riksfjord. Ho er rådgivar på seksjon for fag- og yrkesopplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylket arranger to lærlingedagar i året, i september for førsteårslærlingar og i februar for andreårslærlingar.