Harpefossen Skisenter i Nordfjord har hatt ein svært dårleg sesong, og skisenteret er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, ifølgje Fjordenes Tidende.
– Vi må ha pengar eller så går det til skifteretten, seier styreleiar Stein Bjørhovde til avisa.
Håpar på kommunen
Skisenteret hadde budsjettert med 3,5 millionar kroner i billettinntekter denne sesongen, men vil ende på under ein million kroner.
Dei har no søkt Eid kommune om 1,6 millionar kroner i lån, men behovet kan bli større.
Bjørhovde seier at skisenteret heller ikkje har spart opp pengar.
Underskot i fjor
Rekneskapen for i fjor viser eit underskot på vel 730.000 kroner, og for i år er prognosane endå meir dystre, ifølgje Fjordenes Tidende.
Ifølgje avisa ligg det an til eit underskot på 1,6 millionar kroner om ikkje noko blir gjort.