Godvêret på Nordvestlandet har ført til reine folkevandringa av folk i fritidsbåtar til Geiranger i pinsehelga.

Folk smp.no har vore i kontakt med, beskriv det som ekstraordinært fullt i gjestehamna i turistbygda.

- Ja, her er ei fantastisk stemning no i dag, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak i Hamnevesenet i Stranda til smp.no sundag ettermiddag.

Sjå direkte: Her er vårt webkamera frå Geiranger

Syden-stemning

- Det er enormt med båtar og reine Syden-stemninga, seier hamnesjefen på telefon, lettare overdøyvd av speakaren på "Nibberittet" sundag.

Ho anslår at det er om lag tusen deltakarar på dei ymse arrangementa i bygda sundag.

Les også: Buick-klubben cruiset til Geiranger

Tipsarar fortel om lange ferjekøer på sambandet Linge - Eidsdal sundag.

- Eg sto 45 minutt på Linge før eg gav opp. Da var det framleis to ferjeavgongar til eg fekk plass, seier ein tipsar til smp.no.

Prøv vår kulturkalender: Sjå kva som skjer i ditt område

Fleire skip rundt hjørnet

Enno meir folk er venta sundag kveld, då cruiseskipet «Azores» er venta inn fjorden.

Måndag kjem tre cruiseskip til Geiranger, mens det tysdag kjem heile fire cruiseskip, ifølgje hamnelista.

Få oversikt: Her er cruiseguiden (ikkje mobiltilpassa)

Har du eit pinsebilete du vil dele med lesarane? Send det til smp.no på 95 400 400 eller 95400400@smp.no. Du kan og tagge biletet med #smpno på Instagram.

Sjå fleire lesarbilete i bildeserien øverst i saka.

Rita Berstad Maraak er hamnesjef i Stranda.