– Det er ei forplikting som vi har som EØS-medlemmer, med alle dei fordelane som det gir oss, påpeikar Haga overfor NTB.

Det vekte oppsikt då EUs energikommissær Kadri Simson, som torsdag var på noregsbesøk, sa at Noreg snarast mogleg må innføre den såkalla Rein energi-pakken.

Det er snart fem år sidan EU vedtok pakken, og Noregs tregleik kan få konsekvensar, åtvara ho.

Reiste bust

Det fekk Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad til å reise bust og omtale Simsons utsegner som «uhøyrde».

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) slo fredag på si side fast at det er Noreg som bestemmer.

Også i eit intervju med NTB i oktober i fjor slo Simson fast at Noreg må innlemme den omstridde energipakken.

– Å vere ein del av ein energimarknad betyr at det er felles reglar som må respekterast, sa Simson.

EØS-avtalen gir Noreg tilgang til EUs indre marknad. Men samtidig forpliktar den Noreg til å følgje dei same marknadsreglane som alle andre. Derfor må dei aller fleste EU-lovene innlemmast i det norske regelverket.

– Bør ikkje forundre

Haga, som er tidlegare Sp-leiar, sluttar seg heilt til Simsons syn.

– Det ein ikkje bør bli irritert over på norsk side, er at det er ei forventning i EU om at EØS-regelverk skal implementerast. Derfor bør det ikkje forundre nokon at dette blir sagt frå EU-hald, seier ho.

Nesten 500 EU-rettsakter ventar på å bli innlemma i EØS-avtalen. Vel 60 av dei gjeld på energiområdet.

– Det er eit stort etterslep, og vi argumenterer systematisk for at ein må få fortgang i å få implementert regelverket på eit område som er viktig for Noreg og for både miljø og klima, seier Haga.

Irritasjon i Brussel

I Brussel er det påtakeleg irritasjon over at Noreg heng så langt etter. «Cherry picking» – å plukke kirsebær – er eit omgrep som blir brukt.

Men når det gjeld Rein energi-pakken, er det lite som tyder på at det er særleg framgang. Det kjem ikkje minst av at energibyrået Acer er gitt eit større virkeområde, noko særleg Senterpartiet er imot. Også Raudt vil leggje ned veto mot pakken.

Då NTB snakka med energiminister Terje Aasland (Ap) i Brussel i januar, stadfesta han at Noreg er i samtalar med EU om såkalla tilpassingar av energimarknadspakken, men han ville ikkje gi nokon antydingar om når forhandlingane kan vere i hamn.

– Vi jobbar godt med det, var alt Aasland ville seie.

Etter det NTB forstår, har regjeringa planar om å innlemme pakken bit for bit i Noreg. Dei enklaste rettsaktene blir først tekne, medan dei meir omstridde, som Acer, må vente til slutt.

(©NPK)