Denne gongen oppheldt dyret seg i nærleiken av busetnad, skriv avisa Driva.

Tidlegare i haust vart sju moskusar skotne ved Øksendalstjønn, og sist fredag blei eitt dyr skote i Rauma.

Det er naturoppsynet som har myndigheit til å ta ut streifdyr.

Den vidgjetne moskusstammen har eit kjerneområde på 340 kvadratkilometer i Lesja, Dovre og Oppdal. Moskusen er rekna som ein framand art i Noreg. Målet er at bestanden på vinteren ikkje skal vere på fleire enn 200 dyr. Sist vinter blei det skote rundt 40 dyr for å avgrense flokken.

Eit dyr kan vege opp mot 400 kilo og springe i 60 kilometer i timen.

(©NPK)