Siloksanar, fosfororganiske flammehemmarar, bromerte flammehemmarar og klorparafinar. Dette var nokre av miljøgiftene NILUs forskarar fann etter å ha teke prøver av husstøv i fem hus, skriv Dagsavisen.

– Dette er heilt ordinære hybelkaninar, seier Maja Nipen, forskar ved Avdeling for miljøkjemi og helse i Norsk institutt for luftforsking (NILU).

Ho seier dei veit for lite om helserisikoen for dei som bur i heim med slikt støv.

– Fleire av studiane våre tyder på at vi kan få i oss nokre miljøgifter via støv i mengder som kan vere høgare enn det styresmaktene har indikert som «trygt nivå». Men vi treng meir kunnskap om dette.

Nipen tilrår å støvsuge ofte.

– Generelt kan ein jo seie at jo oftare, jo betre. Ein fuktig klut er også å tilrå, fordi det bind støvet, som då blir skylt ut i vasken og hamnar i avløpsvatnet.

Ho tilrår at særleg barnerom og kabelspagettien bak Tv-en blir ofte støvsoge.

(©NPK)