I tilbakemeldingane som er sendt til leiinga i Helse Møre og Romsdal kjem det fram sterk uro for kva Volda sjukehus blir til i framtida, og ei uro for manglande ambisjonar for sjukehuset.

Volda sjukehus har siste åra levd med usikkerheit om akuttilbodet, og dette har mellom anna resultert i folkeopprop til støtte for sjukehuset.

Kraftige åtvaringar

Både kirurgisk avdeling og medisinsk avdeling ved sjukehuset i Volda kjem med kraftige åtvaringar i sine høyringssvar.

Kirurgisk avdeling skriv at strategidokumenta i helseføretaket dei siste 10 åra har vist eintydig sentralisering.

Ei framskriving av utviklinga går mot ei sikker nedlegging av Volda sjukehus som fullverdig akuttsjukehus.

Sjukehuset på Nordfjordeid mista akuttfunksjonen for nokre år sidan. Fagmiljøa i Volda fryktar den same utviklinga.

Kirurgisk avdeling i Volda meiner at utviklingsplanen for helseføretaket gir inntrykk av at Volda sjukehus skal ha Nordfjordmodellen som mål (utan akuttfunksjon). «Dersom dette er de underliggende føringene for sykehusutviklingen i Møre og Romsdal, er det på tide at dette uttrykkes i planverket. I motsatt fall må en intensjon om å opprettholde Volda sjukehus gjenspeiles i utviklingsplanen» heiter det i uttalen frå kirurgisk avdeling i Volda.

Avdelinga er også sterkt kritiske til at planen heilt manglar vurderingar rundt samfunnstryggleik og beredskap. «Dersom HMR (Helse Møre og Romsdal, red.anm) vurderer det som viktigere å innfri korte tidsfrister framfor å levere god kvalitet på utredningsarbeid, vitner dette om en usunn organisasjonskultur og er ikke egnet til å inngi tillit til videre planarbeid» heiter det vidare i uttalen frå kirurgisk avdeling.

Nei til Ålesund

Også ei samla medisinsk avdeling er uroa for det dei kallar manglande ambisjonar for tilbodet ved Volda sjukehus. Avdelinga skriv i sitt svar at likeverdige tenester til pasientane må løftast fram i Helse Møre og Romsdal.

– Vi går til dette møtet med eit ope sinn, seier Ryste.

– Volda sjukehus blei bygd i 1986 - på 70-talsfilosofi, seier Odd Frode Aasen til Sunnmørsposten. Han er hovudtillitsvald i Overlegeforeininga.

– Investering i areal har vore svært mangelfull, både under fylkeskommunen og i helseføretaket. Det har vore mykje snakk om alt som skal vere nord for Romsdalsfjorden siste åra. Det er jobben til leiinga å vere tydeleg på kva dei vil med Volda sjukehus i framtida. Problemet er at det ikkje er blitt tenkt på i utviklingsplanen, seier Aasen.

Direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal ønskjer ikkje å kommentere dei enkelte høyringssvara no.

foto
Odd Frode Aasen er lege og hovudtillitsvald i Overlegeforeininga. Foto: Knut Arne Aarset