I alt var det 38 arkitektfirma søkte om å få delta i konkurransen om ny kyrkje i Ulstein.

Blant desse har Ulstein kyrkjelege fellesråd vald ut fire firma som skal teikne kvart sitt konkurranseutkast, melder soknerådet.

Besøkstalet ved gudstenestene i Ulstein kyrkje er blant dei aller høgaste i landet. Kyrkja, som ligg i Ulsteinvik sentrum, er frå 1849.

(meir å lese under saka)

GAMLEKYRKJA Ulstein kyrkje er 166 år gamal og treng avløysing. Difor skal det no byggast ei ny kyrkje ved sidan av. Den nye kyrkja skal vere til venstre for dette bildet. Arkivbilde Foto: KNUT ARNE AARSET

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Blir bygd ved sidan av den gamle

Det trengst no større og meir praktiske lokale til det omfattande arbeidet kyrkja driv i lokalsamfunnet. Den nye kyrkja skal byggast ved sidan av den 166 år gamle trekyrkja.

– Det er eit ønske om eit stilreint og vakkert bygg, som finn si plassering i harmonisk samspel med den nedlagde kyrkjegarden og eksisterande kyrkje, heiter det i konkurransegrunnlaget frå Ulstein sokn.