– Ja, det ligg eit lågtrykk over Danmark som gjer at det blir bygevêr over mykje av Sør-Norge torsdag, fredag og i helga. Kysten av Nordvestlandet ser ut til å bli området med minst regn, seier vakthavande meteorolog Steinar Skare ved Vêrvarslinga på Vestlandet til smp.no.

Han kan melde om ingen nedbør og stort sett fint vêr langs kysten av Nordvestlandet frå torsdag til søndag.

På festival i sommarsola? Sjekk ut smp.nos festivalguide!

Stiv kuling

Det blir likevel ein del vind langs kysten før helga.

– Torsdag og fredag blir det nordaustleg liten kuling langs kysten, opp i stiv kuling ved Stad. Men så roar det seg til helga, då blir det bris frå nordaust.

I indre strok ser det ut til å kome ein del ettermiddagsbyger, men til gjengjeld får desse områda høgare temperaturar enn kystområda.

20 i indre

– I indre strok, på stadar som Molde, Tafjord og Stryn, kan temperaturen kome opp mot 20 grader. Langs kysten, til dømes i Ålesund, blir det nok maks 14-15 grader denne helga.

– Det er iallfall betre vêr enn vi har hatt enkelte dagar i det siste. Men skikkelig sommarleg blir det ikkje, altså?

– Nei, de får nok ikkje søraustlege vindar og tjuefem grader med det første, seier Skare.