Sulesund ferjekai blir stengt frå laurdag 13. mai frå klokka 00.00 - 05.00.

– Ferja mellom Hareid og Sulesund vil gå til Solavågen desse fem timane, opplyser vegvesenet.

Ferja vil følgje ordinær rutetabell frå Hareid. Frå Solavågen vil avgangstidene vere 15 minutt seinare enn ordinære rutetider frå Sulesund.

Tida det tek over fjorden aukast frå 25 minutt til ca. 45 minutt.

Avgangstidene frå Hareid blir: 00.45, 02.30 og 04.00.

Avgangstidene frå Solavågen blir: 01.30, 03.15 og 04.45.

Det blir normal rute frå Hareid klokka 05.30, opplyser vegvesenet.