Lille julaftan vart Sunnmørsposten sine tre prisar utdelt, på ei tilstelling i avishuset i Ålesund.

Ørjan Håskjold Nyland er vinnaren av Sunnmørspostens idrettspris for 2014.

Juryen skriv at 24-åringen frå Volda i år har skrive seg inn i norsk fotballhistorie. Han vart dobbeltmeister med Molde FK som cup- og seriemeister. Dette var hans tredje strake norgesmeisterskap. I nyare tid er han den første som kan vise til tre cupgull på rad. I 2012 var han banens klare einar då Hødd sensasjonelt slo Tromsø i cupfinalen på Ullevaal. Håskjold Nyland hadde her fleire avgjerande redningar.

I fjor sikra Ørjan Håskjold Nyland seg ein internasjonal medalje då han blei kåra til U21-EMs beste keeper, framfor Manchester-keeper David de Gea då Norge spelte seg til bronse.

Anerkjent nasjonalt og internasjonalt

Sunnmørspostens kulturpris for 2014 går til Ørnulf Opdahl.

– Eg er venleg overraska, og glad, for prisen, seier Opdahl til Sunnmørsposten rett etter prisutdelinga. – Dette er ein stor tillit, og ei stor ære.

Han vert på denne måten sett pris på både som leiar for Stiftelsen Kjell Holm og som svært erfaren biletkunstnar.

Opdahl debuterte i Aalesunds kunstforeining i 1973. Sidan har det blitt ei lang rekke utstillingar og stor anerkjenning både nasjonalt og internasjonalt. Hans tolking av kyst- og fjordlandskap har eit stort publikum.

– Kunstkjennarar karakteriserer han som fornyar av det norske landskapsmaleriet, heiter det i grunngjevinga.

– Det er umuleg å snakke om året prisvinnar utan å nemne hans mangeårige virke som leiar for Stiftelsen Kjell Holm, der han har vist samfunnsengasjement og stor kulturhistorisk interesse, uttalar juryen vidare.

– Meir enn det som kan forventast

Sunnmørspostens heiderspris går vanlegvis til ein person, men i år er det ei heil gruppe som skal heidrast. Det er avisa sine lesarar som avgjer kven som får heidersprisen.

– Mannskapet på sunnmørsbåten Bourbon Orca har sett nauda på nært hald, og gjort ein formidabel innsats. Nærare 2.000 menneske er berga – unge og eldre, kvinner og menn. Norske sjøfolk har plikt til å hjelpe folk i naud på sjøen, og det blir også gjort. Men det spesielle i denne saka er omfanget  av bergingsaksjonane. Mannskapet har fått takk av FNs høgkommisær for flyktningar for den  imponerande, livreddande innsatsen.

– Mannskapet på Bourbon Orca reiste ikkje forbi då menneske var i livsfare, men gjorde meir enn det som kan forventast. På denne måten er dei eit forbilde, sa Sunnmørspostens ansvarlege redaktør, Hanna Relling Berg, under prisutdelinga.

Sunnmørsposten sine lesarar har avgjort at årets heiderspris skal gå til mannskapet på Bourbon Orca. Fire frå mannskapet tok imot prisen på vegen av mannskapet og reiarlaget.

– At vi er stemt fram av Sunnmørsposten sine lesarar er stort for oss, sa matros Dag Gøran Brandal då dei tok imot prisen. – Vi har fått merksemd andre stader for dette tidlegare. At våre eigne, vårt eige distrikt, har stemt oss fram set vi veldig stor pris på, seier Brandal.

Dei som har fått Sunnmørspostens heiderspris tidlegare er: Joachim Rønneberg, Johannes Gjersdal, Øyvind Berthinussen Rem, Solveig Bele, Reidun Skytterholm, Sonja Hovden Vidnes, Gunnar Hamnøy, Mons Sandnes, Leif Hovde, Randi Strøm, Ann-Elise Breivik, Arne Valderhaug, Arild Berstad, Åse Jørgensen, Ålesund Brannvesen, Inger Harrington, Målfrid og Mindor Sulebust, Frode Tafjord, Pål Eikrem og Rune Heggedal.

Offshoreskipet Bourbon Orca er det norske skipet som har tatt om bord desidert flest flyktninger i Middelhavet i år. Foto: Christian Remøy
Arkiv. Norges keeper Ørjan Håskjold Nyland før EM-kvalifiseringskampen mellom Norge og Bulgaria på Ullevaal stadion i Oslo. Ørjan Håskjold Nyland er tildelt Sunnmørpostens idrettspris 2014. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix