Det var full stopp i trafikken på ferjestrekninga Festøy-Solavågen etter at bilferja "Rauma" fekk problem med straumforsyninga.
"Rauma" fikk hjelp av bilferja "Brandal", som er den andre ferja på den sterkt trafikkerte strekninga.
Det opplyser driftssjef Ståle Tangen i Fjord1 MRF til smp.no
- Vi jobbar med å få på plass ei reserveferje, og bilferja "Brandal" vil gå inn att i rute når "Rauma" er slept til kai, seier Tangen.
Full stopp
Det var etter avgang frå Festøy at "Rauma fekk problem med straumforsyninga. Ifølge en av passasjerene var det røykutvikling ombord.
- Det kan vere at dette går raskt å fikse, men det veit vi ikkje enno, seier Tangen.
Det vil ikkje vere avgangar på strekninga i alle fall fram til 16.30, mens slepet av "Rauma" foregår.
Oppdatering: Fjord1 MRF melder at de tar ut ferja på rute 09: Hundeidvika-Festøya.
- Pga. nødvendig fartøydisponering blir sambandet innstilt. Ferja vil inntil videre betjene sambandet Festøya-Solavågen frem til et reservefartøy ankommer ruta.
Første avgang fra Festøya til Solavågen blir klokka1615, melder ferjeselskapet.