Sjå tala for di kommune under

Arbeidsløysa held fram med å stige i Møre og Romsdal i november, viser tall NAV la fram fredag. I reine tal er auken likevel ikkje høgare enn i oktober månad.

Mannsdominerte yrke

Det er spesielt i dei mannsdominerte yrka at folk misser jobbane sine. Industrien og bygg- og anleggsbransjen toppar statistikken.

Per no er det om lag dobbelt så mange ledige mannfolk som kvinner - høvesvis 2656 og 1301.

Mange varsla oppseiingar i den oljerelaterte delen av næringslivet, er ikkje sett ut i live enno.

Fylkesdirektør Stein Veland i Nav ventar difor at auken held fram i starten av 2016.

Romsdal verst ramma

Ved utgangen av november  er 3.957 personar heilt utan arbeid, noko som svarar til 2,8 prosent av arbeidsstokken her i fylket. Det er framleis lågare enn i resten av landet.

Prosentvis er det ei auka på 40,2  prosent frå same månad i fjor. I løpet av det siste året har 1134 fleire blitt ledige.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook

Fordelt på dei ulike distrikta viser tala at det er Romsdal som har hatt den høgaste prosentvise auken på 46 prosent. Deretter følgjer Sunnmøre med 41 prosent og Nordmøre med 31 prosent.