Folkelista og Høgre er framleis jamnstore og dei to største gruppene i Hareid kommunestyre. Det er klart etter fintejinga natt til tysdag. Grovtejinga mandag kveld ga Folkelista eit ekstra mandat og overtak på Høgre, men no er jamvekta gjennoppretta. Det betyr at ordførarkampen står mellom noverande ordførar Anders Riise (H) og Folkelistas kandidat Kristian Fuglseth.

Anders Riise (H) vart i 2011 vald til sin første periode som ordførar i Hareid etter mange periodar i kommunestyret, men han ynskjer å halde fram i ordførarstolen.

Riise hadde ein brei koalisjon bak seg med heile 17 av 21 representantar og Dag Audun Eliassen frå Folkelista som varordførar.

Berre Framstegspartiet stod utanfor då dei viktigast postane vart fordelte.

Kristian Fuglseth frå Folkelista - som har vore jamnstor med Høgre - utfordrar Riise i kampen om ordførarvervet ved dette valet. Det same gjer Truls Håbakk (Frp), Stian Runne Brandal (Ap) og Annika Brandal (V).