Etter to periodar med Frank Sve (Frp) i ordførarstolen i Stranda, måtte han i 2011 gje tapt for Jan Ove Tryggestad frå Senterpartiet. Det skjedde etter at Høgre skifta side og ville ha eit ordførarskifte.

Det var desse to det stod om også denne gongen. Tryggestad ville helst halde fram med å styre kommunen, Frank Sve vil gjerne tilbake på ordførarkontoret.

Og det vart Jan Ove Tryggestad som fekk størst oppslutning. Senterpartiet gjekk nemlig fram med heile 15,9 prosent.

For Frank Sve og Frp må valet vere eit skikkelig nederlag. Partiet gjekk nemleg tilbake med 10,9 prosent og enda då med 22,3 prosent av stemmene.

Det siste blir ikkje lett, ettersom Høgre har signalisert at dei ikkje kan godta Sve som ordførar.