Politiet melder søndag kveld på X om endå ein brann i eit bygg i sentrum av Sunndalsøra. Det er kun få dagar siden forrige brann i sentrum av bygda. Operasjonsleiar Arild Reite seier til NRK at det denne gongen skal vere snakk om eit søppelskur eller eit leikehus som står i brann, og det skal ikkje vere fare for spreiing til andre bygg.

Det har vore fleire brannar i området den siste tida, og politiet mistenkjer at fleire av dei har vore påsette, melder NRK.