For tredje året på rad har Høgskulen i Volda ein større nedgang i søkjartal enn det nasjonale snittet, skriv Khrono.

Samtidig dukkar det opp lokale studiesenter. Næraste studiesenter ligg på Nordfjordeid.

Ei styresak ved høgskulen viser at det er ei uro knytt til dette.

– Korleis kan høgskulen nytta dette som ei moglegheit, i større grad enn ei utfordring, heiter det i saksframstillinga.

I Nordfjord er det studiesenter på Eid og i Stryn. Der kan studentane jobbe, treffe andre studentar, få koplingar til næringslivet og få hjelp til praktiske ting.

Prosjektleiar Kari Rygg i StudieHub – Nordfjord Studiesenter seier til Khrono at «studiehuben» ikkje er ein konkurrent til Høgskulen i Volda eller til andre utdanningsinstitusjonar. Ho meiner studiesenteret tvert imot kan tilføra fleire studentar til utdanningsinstitusjonane.