Frå og med torsdag kan du førehandsstemme i alle kommunar. Vallokal på skular, kommunehus og i gymsalar i nærområdet kjem til å halda moglegheita open fram til 8. september.

Den ordinære valdagen er måndag 11. september.

Fleire brukar denne perioden i forkant av valet til å stemme enn før. Tal frå SSB viser at så mykje som 51 prosent av stemmene ved kommunevalet i 2019 var førehandsstemmer. I 2015 låg dette talet på 32,2 prosent og på 28,6 prosent i 2011.

I SSB si måling i 1979 var det berre 7,8 prosent som førehandsstemde.