Det såg lenge mørkt ut for ein samlingsplass for årets russekull i Ålesund, men no har mellom anna Ålesund kommune, Ålesund kommunale eigedom KF og politiet gått saman og funne ei løysing, går det fram av ei pressemelding.

Etter at rundt 800 avgangselevar dei siste åra har hatt Flatholmen som samlingsplass for feiringa si, er ikkje Flatholmen ledig i perioden i år, og SLT-koordinator Minda Myklebust i Ålesund kommune og Mirjam Ulstein i førebyggande eining i politiet frykta at ein då ville rykke tilbake til slik russefeiringa var for nokre år sidan.

– Då var det meir uoversiktleg for alle. Russen vart nærast jaga frå plass til plass og det var vanskeleg å drive god oppfølging, seier dei.

Foto: JAN ÅGE GISKE

Fordelar med ein fast plass

Etter å ha saumfare både kart og terreng i Ålesund utan å finne noko løysing, kom gjennombrotet i form av samarbeid med ÅKE (Ålesund kommunale eigedom KF): I Lerstadvegen 525, på den såkalla Bertel O. Steen-tomta, har kommunen ein eigedom som kan vere samlingsplass for russen i år. Det løyser fleire problem.

– Ved å gi russen ein fast plass å vere får vi følge opp med samarbeid, avtalar med – og ansvarleggjering av, russen. I tillegg kan vi ha Røde Kors på plassen og foreldrevakter i området, legg duoen til.

Dei peiker også på at tomta ligg sentralt plassert.

– Det betyr spesielt mykje i år når vi høyrer om at årets russekull har mange vandreruss, seier dei.

Russepresidentane har vore særleg bekymra for denne gruppa, som altså ikkje er del av grupper med eigne køyretøy.

– Om alle er samla kan vi sjå til at alle er trygge. Om vi er spreidd på fjell, ferjekaier og over alt elles, risikerer vi at folk blir ståande igjen i kulda når bussane køyrer vidare, eit større press på at bussar og bilar blir overfylte, og fråvær av hjelpemannskap og nødetatar. Trygge rammer er avgjerande for ei god feiring, seier russepresident Guro Pettersen ved Latinskolen.

Med russefeiring i Lerstadvegen kjem ein nær på private bustader på eine sida av tomta. Det betyr at det i perioden vil bli meir bråk for dei næraste naboane. Kommunen og politiet har derfor lagt til grunn nokre rammer som russen er forplikta til å etterleve. Les meir om desse på kommunen sine heimesider.

Minda Myklebust, SLT-koordinator i Ålesund kommune. Foto: Jon Åge Giske

Møte med naboane

SLT-koordinator Minda Myklebust seier ho har stor forståing for at valet av samlingsplass ikkje er optimalt for dei som bur i området.

– Russefeiring går ikkje stille føre seg. Vi veit det, men vi jobbar med tydelege rammer og tilrettelegging slik at det skal bli minst mogleg ulempe for naboane. Vi fann ingen annan plass, og i den store samfunnsrekneskapen meiner vi at fordelane og tryggleiken med å gi russen ein fast plass veg tyngst. Og så vil vi også streke under at denne løysinga gjeld berre for i år, seier SLT-koordinator ho. Neste år er tomta etter planen opptatt, då det er her ny hovudbrannstasjon til Ålesund kommune skal byggast. Knytt til valet av ny samlingsplass inviterer kommunen, saman med politiet, Røde Kors og russen sjølv dei næraste naboane i austre Breivika til eit møte på tomta, 21. mars frå klokka 18–19.