Alle medlemmer av Den norske kykja over 15 år har stemmerett i valet. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Den norske kyrkja er framleis Noregs klart største trussamfunn. Foto: Ned Alley / NTB / NPK

Skal Kyrkja ta eit oppgjer med den tidlegare behandlinga av skeive? Kva med deira rett til å gifte seg i kyrkja? Bør kvinner få vere prestar – og har kyrkjelydar rett til å nekte dei plass? Engasjerer Den norske kyrkja seg for mykje i klimakampen, eller er det berre rett og rimeleg at ein vernar om skaparverket?

Sakene speglar verdikampane som har prega politikken i ei rekkje vestlege land det siste tiåret – om LHBT-rettar, likestilling og om klima. Kyrkjevalet dreier seg om eit trussamfunn der vel to tredelar av oss er medlemmer, og dermed overraskar det ikkje at mange av sakene i valet speglar den verdslege politikken.

Alle medlemmer av Den norske kyrkja som er fødde til og med 31. desember 2008, kan stemme i valet til sokneråd og bispedømmeråd. Valet blir gjennomført parallelt med kommune- og fylkestingsvalet, og veit ein ikkje kvar vallokalet er, kan ein søkje på nettsidene til Kyrkja.

Medlemmene i bispedømmeråda utgjer også ein del av medlemsmassen i Kyrkjemøtet, som er det øvste organet til Kyrkja.

Konservative og liberale lister

I sokneråda stiller berre Nominasjonskomiteens liste , som er sett saman av kyrkjelydane sjølv. I bispedømmeråda er det meir konkurranse: to konservative ( Bønnelista og Frimodig k irke) og ei meir liberal liste ( Open folkekyrkje ) konkurrerer om stemmene med Nominasjonskomiteens liste.

Talet på lister har vakse gradvis sidan det første kyrkjevalet i 2009, og det har også engasjementet rundt valet. I år har Vårt Land for første gong laga ein valomat for kyrkjevalet. Deltakinga har også auka sidan 2009, men likevel var det ikkje meir enn 10 prosent av medlemmene i Kyrkja som stemde ved førre kyrkjeval i 2019.

Det er fleire store namn på vallistene. Kjende politikarar som Stefan Heggelund (H) og Eirik Faret Sakariassen (SV) stiller til bispedømmerådsvalet. Det same gjer den tidlegare TV-personlegdommen Arve Juritzen.

Fleire skiljelinjer i kyrkjevalet dreier seg også om sjølve detaljane i korleis Kyrkja er organisert, skriv Vårt Land.

At alle medlemmene i Kyrkja kan stemme i valet, sjølv om Kyrkja si eiga medlemsundersøking viser at det store fleirtalet ikkje er i kyrkja meir enn nokre gonger i året, er ikkje ukontroversielt. Bønnelista og Frimodig kirke ønskjer begge tiltak for å gjere valet mindre tilgjengeleg for den mindre aktive delen av medlemsmassen, slik at han ikkje kan køyre over mindretalet som bruker kyrkja ofte.

90.000 førehandsstemde digitalt

Alle listene er i utgangspunktet for å flytte ressursar og innverknad ned til kyrkjelydane. Men ingen av dei går så langt som Bønnelista, som i utgangspunktet meiner at kvar kyrkjelyd burde vore sjølvstendig. Dei to konservative listene meiner også at kyrkjelydane bør få forme ut sin eigen liturgi, altså korleis gudstenestene skal sjå ut.

Open folkekyrkje meiner til samanlikning at kyrkja burde ha ein felles tilsetjingspraksis, der kyrkjelydane ikkje har moglegheit for å avvise prestar på grunn av legning eller kjønn.

91.611 personar førehandsstemde digitalt til og med 6. september, og det er mogleg å førehandsstemme fysisk fram til 8. september. Andre veljarar kan stemme på dei ordinære valdagane 10. og 11. september. Resultatet av dei digitale førehandsstemmene blir lagt fram på valkvelden 11. september, medan dei fysiske stemmene vil ta noko tid å telje, skriv Den norske kyrkja.