Partiet legg om kort tid fram det alternative statsbudsjettet sitt, men kjem allereie no med fem punkt som dei meiner vil hjelpe mot det dei kallar «regjeringens laksekaos»:

* Forslaget om å berekne grunnrenteskatt ut frå spotpris, leggjast dødt. Skatt må bereknast ut frå reell salspris.

* Innføring av grunnrenteskatt-beregning blir utsett frå 2023 til 2024.

* Høgare produksjonsavgift i 2023 blir innført som foreslått av regjeringa.

* Skattetrykket på dei små, familieeigde oppdrettsselskapa må reduserast for å unngå «salg av Kyst-Norge».

* Eit nytt skatteregime frå 2024 må ta meir omsyn til natur, klima og dyrevelferd.

– No opplever vi storstilte kutt i investeringsplanar, permitteringar og aktivitetskutt i bedrifter langs heile kysten på grunn av overraskingsangrepet til regjeringa på havbruksnæringa. Det er ikkje berre eit problem for selskapa som blir ramma, det er eit problem for heile Kyst-Noreg, seier næringspolitisk talsperson for Venstre Alfred Bjørlo.

(©NPK)