– Det viktigaste er at dei er ute, ikkje at dei er veldig aktive. Berre få barna ut av sofaen, ut av huset eller hytta, og ta pause frå skjermar og lesing, seier dagleg leiar Tina Alvær i Synsinformasjon til NTB.

Samanhengen mellom utandørstid og andelen av nærsyntheit blant barn og unge har det vore forska mykje på. Ein stor samlestudie tyder på at risikoen for å utvikle nærsyntheit blir redusert med 2 prosent for kvar ekstra time utandørs per veke.

– Kvifor det?

– Når ein er ute – og legg bort bok og mobil – ser ein ikkje på noko statisk og nærme. Då får du ein dobbelt effekt, der augemuskulaturen får slappa av, og du blunkar oftare. Ser ein på skjerm, fokuserer ein konstant og blunkar vesentleg mindre enn elles, seier Alvær.

Ho understrekar at det framleis er veldig viktig å verne auga mot UV-stråling når ein er ute.

Dei fleste småbarn har godt syn. Utviklinga av nærsyntheit skjer hovudsakleg frå skulealder til seint i tenåra. Utviklinga kan gå raskt. Foto: Jan Haas / NTB / NPK

20-20-20

Synsinformasjon er bransjeorganisasjonen til norske optikarbedrifter. Dei tilrår generelt 20-20-20-regelen.

– Sjå 20 meter bort i 20 sekund kvart 20. minutt, då får auga tid til å slappe av. Er du utandørs, er det lettare å gjere det.

– Kva med når ein ventar på bussen eller sit på toget – skal ein berre stire tomt ut i lufta, då?

– Det er faktisk ikkje så dumt. Vi har ein tendens til å plukke opp mobilen kvar gong vi skal kvile litt. Men auga har utruleg godt av avslapping, og det får ein når ein ser på avstand, seier Alvær.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet anslår at rundt 140.000 norske skulebarn har behov for synshjelpemiddel. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB / NPK

Svært kraftig auke

Generelt blir det stadig fleire med nærsyntheit – myopi – i verda, men det er store geografiske variasjonar. Førekomsten har auka veldig blant unge menneske, særleg i Søraust-Asia, men også elles i verda. Globalt er det venta at førekomsten vil auke frå 2 milliardar i 2010 til heile 5 milliardar i 2050.

Nærsyntheit medfører ikkje berre behov for briller eller linser og sjekk hos optikar, det gir ein auka risiko for å rammast av grøn stær, grå stær, netthinnelosning, redusert skarpsyn og skadar i den gule flekken.

Då er det best å unngå å bli nærsynt – eller førebyggje ytterlegare forverring. For sjølv om det til dels er arveleg, er det også fleire faktorar som påverkar utvikling og forverring.

– Ein ser ein vesentleg høgare del i Søraust-Asia og andre stader i verda, og går ut frå at det kan vere fordi vi er mykje meir utandørs enn dei er der, seier Alvær.

– Unge i Noreg er i snitt utandørs fire timar kvar dag. Det er mykje meir enn dei er i mange andre land. Vi set også søkjelys på at det er viktig med frisk luft og utandørs aktivitetar.

Koronanærsynt

Med nedstenginga av verda i 2020 vart det ein enorm auke i bruken av digitale hjelpemiddel i verda – og skjermbruk. Samtidig som fleire sat framfor skjerm på heimeskule og -kontor, vart det mindre fritidsaktivitetar og andre utandørsaktivitetar.

Det fekk augelegar til å lure på om slike endringar ville bli varige og påverke førekomsten av nærsyntheit i den yngre befolkninga.

– Vi har ikkje sett mykje som tyder på det til no, seier Alvær.

Det dei har opplevd, som ikkje kan knytast direkte til nærsyntheit, er at fleire optikarar ser ein auke av tørre auge, både blant vaksne og barn.

Fellesaktivitetar ute, utan skjermar eller bok tett opp i ansiktet, blir tilrådd som førebyggjande mot nærsyntheit. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Bli med ut

– I Helsepolitisk barometer som vi gjennomførte saman med Kantar i 2022, svarte ein av fem vaksne at dei sleit med auga som følgje av heimekontor. Heile 43 prosent sa at dei tok hyppige pausar for å unngå å bli slitne i auga ved skjermbruk, seier Alvær.

– Vi vil tilrå vaksne å vere meir ute, men det er meir for å redusere plager med tørre og slitne auge, heller enn reduksjon av nærsyntheit.

Det treng heller ikkje vere knallvêr.

– Nei, det er ikkje nødvendig med sterk sol, så at det er dårleg vêr er ei dårleg unnskyldning for ikkje å gå ut.

(©NPK)