Ein veit ikkje kor mange barn i Noreg som blir utsette for seksuelle overgrep på nett. Fordi overgrep på nett og fysiske overgrep blir dømde etter dei same paragrafane, er det heller ikkje lett å finne ut kor mange som blir dømde for det, skriv VG.

– Vi veit at det er omfattande. Vi har mykje tal – talet på tips, talet på personar som rår over eller distribuerer overgrepsmateriale, talet på personar som vi meiner betaler for direkteoverførte bestillingsovergrep frå sårbare land, seier avsnittsleiar Helge Haugland ved seksjon for internettrelaterte overgrep ved Kripos.

Hos Kripos i Oslo sit etterforskarar som behandlar tips og førespurnader om overgrep frå inn- og utland, følgjer med på det såkalla «mørke nettet» og overvaker IP-adresser i Noreg som lastar ned overgrepsmateriale.

Frå Kripos blir så sakene sendt vidare til politidistrikta som skal etterforske overgrepa.

– Det har vore jamt dei siste tre åra, men frå 2020 til 2021 såg vi ein auke frå 500 til 2.000 fleire saker sendt til politidistrikta, seier Haugland.

I 2021 vart det meldt 16,5 prosent fleire seksuallovbrot i Noreg enn året før. Samla sett utgjorde lovbrot mot barn to tredelar av den auken, ifølgje politiet sine eigne tal.

(©NPK)