– I dag er det ikkje plass til verken turistbussar eller bubilar å passere steinfallet som ligg i vegbanen, seier byggjeleiar Roar Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune til NRK.

Betongkantar er skadde, og det ligg steinar av ulik storleik ligg på kryss og tvers i vegen, som i påska vart ramma av fleire ras. I tillegg ligg det framleis fleire meter høg snø på sida av dei svingete vegane.

Kafeen fekk store skadar etter snøraset. Her frå innsida av kafeen. Foto: Dag Christian Ugseth, Møre og Romsdal fylkeskommune / NTB / NPK

Det vil ta tid å få oversikt over skadane, og også oppryddinga vil vere tidkrevjande. Vegen held fram med å vere stengt ut mai, seier Vikhagen, som sjølv aldri har sett så mykje skadar på vegstrekninga som i år.

– Det er ille. Det er lite hyggjeleg å sjå, seier han.

Det varierer frå år til år når Trollstigen opnar på bakgrunn av snøsmelting og brøyteforhold. Vanlegvis opnar han i mai. Hundretusenvis køyrer langs dei svingete vegane på Trollstigen kvar sommar.

(©NPK)

Den populære vegstrekninga Trollstigen frå kjent vinkel. I år kan ikkje vegen opnast i løpet av mai på grunn av rasskadar. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK