Mange hadde tatt turen til Rådhusplassen for å vere med på markeringa av «Eg er her-dagen». Som del av den nasjonale Redd Barna-kampanjen «Jeg er her» er Ålesund valt ut til ein av ti kampanjebyar som skal fronte bodskapen ekstra. Målet for kampanjen er å nå ut til folk flest med bodskapen om at seksuelle overgrep skjer oftare, nærare og er meir skadeleg enn folk trur.

Krav om ein tryggare oppvekst

Eit stort «sikkerheitsnett» vart sett opp der vaksne kan skrive løfte til born om korleis dei kan gjere kvardagen deira tryggare, og barn lagar teikningar og skriv krav og ønske til dei vaksne.

Alle barnehagane og skulane i kommunen var invitert til arrangementet, men berre 3–6. klasse på Hessa skule møtte opp. Lærarar og tilsette i skulen har samtalt med elevane om temaet i dagane før.

Sturla Ermesjø og Andrea Grytten frå Hessa barneskule var konferansierane for dagen, og introduserte ordføraren som heldt opningstalen.

– Vi skal lytte til alle borna i Ålesund. No er det nokon andre som skal bli ordførar til hausten, og då håper eg at den nye ordføraren vil fortsette med barnas bystyre, sa ordførar Bjørn Tømmerdal.

Politiet står på borna si side

– På hjartet som eg skal henge opp i sikkerheitsnettet står ein lovnad om at dokker skal vere sikre på at dokker får ein trygg oppvekst i Ålesund sa familievoldskoordinator hos politiet Evelyn Røren.

– Vi står på borna si side, vi tar dokke på alvor, og vi høyrer på kva dokker har å seie.

Ho hadde med seg ein kopi av Norges lovar som ho heldt fram til borna.

– Her i lova står det at vaksne ikkje har lov til å vere kjærastar med born, det er faktisk like ulovleg som å rane ein bank. Alle vaksne veit dette, og det er aldri din feil. Det er alltid dei vaksne sin feil, for det er din kropp. Sei nei, prøv å gå vekk, og fortel det til nokon. Ring til meg, kan dokker nummeret?

112, ropte ungane.

Viktig å fortelje

– Akkurat no sitter det to gutar på barnehuset som har opplevd at nokon har tatt dei på tissen, sa leiar for Statens Barnehus Ingrid Heggli.

– Det kan bli veldig vanskeleg for born viss noko slikt skjer, og det kan bli vanskeleg å ete, sove, leike og vere på skulen. Derfor er det så utruleg viktig at dokker fortel. Det kan vere vanskeleg å seie frå, men om vaksne er slemme med dokker eller prøver å ta på tissen eller vil at de skal ta på dei, så må dokker alltid seie nei, gå derifrå, og fortelje det til nokon. Ikkje høyr på dei som seier at det er ein hemmelegheit eller at andre vaksne vil bli lei seg viss dokker seier noko. Det er berre eit triks, for slike hemmelegheiter skal ein ikkje ha.

Sunnmøre fotballkrets går i front

Leiar for Sunnmøre fotballkrets, Bjørn Oskar Haukeberg hengde også opp løfte på «sikkerheitsnettet» om at dei skal gjennomføre kurskveld om seksuelle overgrep mot barn for sine fotballklubbar.

– Det er aldri barna sin skuld. På mitt hjarte står det at fotball skal vere gøy for alle, og vi vil gjere alt vi kan for at dei 11 000 borna som spelar fotball på Sunnmøre skal få spele i trygge ramme. Derfor går vi i Sunnmøre fotballkrets i front i dette arbeidet og sender med det eit viktig signal til idretts-norge om at kursing og førebygging av seksuelle overgrep er viktig innanfor idretten.

– Kurset vil handle om det å snakke med, avdekke og vareta barn som fortel om seksuelle overgrep eller vanskelege ting dei slit med, seier fotballsjefen.

Sola kom til slutt

Tre jenter frå Jugendteateret synte fram eit lite teaterstykke om å ha det vanskeleg, og det blei songinnslag frå elevane i 3. og 4. klasse ved Hessa skule. Ålesunds fotballklubb støtta dagen med maskoten Tare, og etter at alle born og vaksne hadde hengt opp løfta sine blei det delt ut is til alle saman, akkurat i det sola kom fram.

Etter at nettet har hengt på Rådhusplassen, vil det bli flytta ned til kjøpesenteret og hengt opp der slik at born og vaksne i Ålesund kan komme og henge opp ønska og løfta sine.