Langs kysten av Nordvestlandet har folk vakna til tåkeskyer i dag.

– Mellom klokka 10 og 13 skal dette løyse seg opp, seier meteorolog Steinar Skare ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det ligg altså an til nok ein fin dag i nordvest, men kan hende med litt meir skyer enn søndag.

– Nordausten hjelper til å få tåka vekk. Samtidig vil vinden auke til frisk bris langs kysten på kvelden, og tysdag vil den auke til kuling.

Finevêret held seg kvar dag fram til og med fredag, og kanskje lenger. Men det er venta stor temperaturforskjell på ytre og indre. Tafjord vil denne veka få 15–18 grader.

Men søndag, som er konfirmasjonsdag fleire stader, er meteorologen meir usikker på.

– Det kjem kaldare luft frå nord. Så her er det eit lite men, seier Skare.