Det er under «Trenddagane» på senteret at Sorthe i samarbeid med butikkane på senteret lét alle som ønskjer vere modell for ein dag. Dei som ønskte å vere med skulle dagen i førevegen velje seg ut klede frå ein av butikkane på senteret som dei skulle ha på seg under fotograferinga.

– Det liknar litt eit konsept eg har hatt før, kalla modell for ein dag, der barn og unge får prøve seg framfor kamera, seier Sorthe.

Leggjast ut på nett

Under fotograferinga gir ho tips til korleis ein kan verte trygg medan ein vert fotografert.

Bileta som vart tekne laurdag, vert lagd ut på senteret si side på Facebook. Det meinter Sorthe er uproblematisk.

– Dette handlar ikkje om å verte modell, det er berre eit uttrykk vi brukar fordi det er frå modellyrket eg har min bakgrunn, seier gründaren av modellbyrået PIAF i Ålesund.

I tillegg til å skrive bloggen «Modellmamma», reiser Sorthe landet rundt med konseptet «VIP jentekveld», der ho sjølve stylar og tek bilete av deltakarane i butikkane som arrangerer.

«Showe» framfor kamera

– Det er mange vaksne som kjem på desse kveldane, og det er ein kjekk måte å få tatt skikkelege bilete på. Alle har jo behov for profilbilete på Facebook, påpeikar ho.

Dei yngste deltakarane på «modellkursa» hennar vert oppmoda til å «showe» framfor kamera.

– Vi vil ha dei til å leike seg når vi tek bilete. Eg jobbar med dei på same måte som når eg tek barnehagebilete, med hopp og sprett, fortel Sorthe.

Ser med uro på barne-catwalk

Men ikkje alle er like begeistra over at barn ned i 8-årsalderen vert kledd opp som modellar, og at bileta kan hamne på nettet etterpå. Fleire har teke kontakt med Sunnmørsposten og er kritiske til at så unge vert «modell-fotografert».

Dagleg leiar i organisasjonen Barnevakten, Merethe Clausen Moe, ser med uro på slik fotografering.

– Vi har sett ganske unge barn på catwalk og er urolige for dette. Det er fordi barn blir opptekne av korleis dei ser ut utanpå, og ikkje korleis dei er inni, seier ho til smp.no.

Kaja Hegg i Redd Barna har arbeidd mykje med barn og nett og kommersialisering av barndommen, med særlig vekt på barn brukt i reklame. Ho skjønar at det har kome reaksjonar på opplegget i Ørsta.

– Det juridiske er nok i orden, eg reknar med at det er innhenta samtykke frå foreldra i dette tilfellet. Og det er opp til foreldra om barn stiller opp på slike ting. Men eg kan forstå at nokre er kritiske til bruk av barn i reklame og lagt ut på nett, seier Kaja Hegg i Redd Barna til smp.no.

Målgruppe for reklame

Ho reagerer også på det kommersielle i opplegget.

– Bilda på nett blir verande der, og dei ser ikkje konsekvensane. Dette gjer også barn til endå meir målgruppe for reklame. Reaksjonane mot dette er sunne, meiner Hegg.

– Får de mange henvendelsar om slike tilfelle?

– Nei, men vi jobbar mykje med vaksne som publiserer bilete av born på nettet, ein kultur der eiin ikkje har respekt for å publisere born på nett, diverre.

Synnøve Sorthe har tidlegare markert seg som talsperson for unge jenter som har vorte fotografert av tvilsame «modell-fotografar» og legg stor vekt på at foreldre skal vere informert og følgje opp barn som vil prøve seg som modellar.

Slik blei arrangementet i Ørsta marknadsført på Facebook. Foto: Faksimile