Heilt fram til siste minutt vart det ferdigstilte nye miljøbåtar på unet til Runde Miljøsenter første påskedag ettermiddag. Born fekk seg skrog og mast, hammar og spikar. Og tusj til å merke båten sin med namn.

Nøyaktig klokka 15, sjøsetjing og skipslevering på ytre søre Sunnmøre inkluderer presisjon, vart ein bilhengar med botnen dekt av nybygg trilla til endes på hamnemoloen ved Miljøsenteret. Mange hender hjelpte til.

Derifrå vart småbåtane borne ned gjennom grov steinurd og sjøsette på direkten. Nokre fekk eit litt for brutalt møte med brott og fall, og forliste på direkten...! Men sjølv med kjølen i veret skal desse barnebåtane no ut på dei sju hav.

- Med at vi får melding om funnstader kring om, oppdaterer vi avdrift og spreidning av båtane på ei eiga side på internettsida vår, fortel miljøsenterleiar Nils Roar Harieide. Men først og fremst vonar han at den konkrete medverknaden, med både båtbyggig og sjøsetting, vil gjere borna som er med langsiktig medvitne natur og miljø. Hundre båtar til er laga, men dei skal setjast ut direkte frå havet.

Bilhengaren vart fylt med minibåtar utanfor Runde Miljøsenter søndag ettermiddag. Derifrå gjekk det rett til sjøsetting på moloen. Foto: Knut Arne Aarset