AASENTUNET (smp.no): Saman med seg hadde Grande forfattar Kjartan Fløgstad og årets unge festspeldiktarar Lars Petter Sveen, Sigrid Sørumgård Botheim og Guri Sørumgård Botheim. I tillegg spelte bandet Hekla Stålstrenga, som seinare i kveld held utekonsert for festspeldeltakarane.

Stort frammøte

– Tusen takk for dette ærefulle oppdraget! Det er stor stas å vere her, sa Grande til ein fullsatt sal.

Folk var tydeleg i festhumør og Grande snakka om engasjementet som trengst for verdiar som språket.

– Om ingen kjempar for verdiar, så døyr dei. Språk og kultur er ein viktig identitetsmarkør.

Likeverdige språk

Grande skulle sjølv ynskje ho kunne ha nynorsk som hovudmål. Men med dysleksi blir det vanskeleg å halde styr på to skriftspråk.

– Eg kjem frå ei kommune som var delt i to når det kom til språk, sa Grande.

– Mor mi kom frå eine delen og skreiv nynorsk, medan far min kom frå den andre og skreiv bokmål.

Ho meiner det er viktig å behandle begge skriftspråka likt.

– Vi må ha respekt for alle målformer og den identiteten folk knyt til dei.

Variert program

Frå i dag og fram til søndag 30. juni byr Festspela på eit variert program. Vamp skal halde konsert, Are Kalvø kjem for å presentere si nye grunnlov, og festspeldiktarane vil setje sitt preg på arrangementet i samtale med Kjartan Fløgstad og andre dei komande dagane.

Venstre-leiar Trine Skei Grande opna festspela.