Utan å nøle set ordførar Jørgen Amdam seg bak styret på den nye, elektriske sykkel-rickshawen til Volda kommune. Han tek med seg rådmannen og pleie- og omsorgssjefen som passasjerar på ein liten runde ved Omsorgssenteret i Volda.
– Sykkeltaxien som vi har døypt EL-tempo, skal brukast som eit aktivum for eldre og andre med nedsett funksjonsevne. Både tilsette og pårørande kan ta med pasientar ut på tur, forklarer assisterande pleie- og omsorgssjef, Svein Berg-Rusten.
Gratis
«Sunne kommunar – WHO’s norske nettverk» som Volda kommune er medlem av og var med å stifte i 1993, har inngått partnarskap med den ideelle organisasjonen «Sammen på sykkel».
Det inneber m.a. at alle medlemskommunane får tilbod om ein gratis elektrisk sykkel-rickshaw. Sykkelen har plass til ein førar og to passasjerar, og kan gå i 25 kilometer i timen.
– Sykkeltaxien gir ei ny moglegheit for dei som ikkje kan sykle sjølv, til å kome seg ut på sykkeltur. Opplevinga er rekreasjon i seg sjølv, og samtidig kan ein kome seg ein stad utan å måtte bruke bil. Det er stor interesse for sykkelen, og no når det er varmare i lufta trur eg framkomstmiddelet vil verte synleg i sentrumsgatene, seier Berg-Rusten.
Gjer som fleire enn 26.000 andre - lik smp.no på Facebook
Saman
Folkehelsekoordinator i Volda kommune, Berit Koen, synest det er kjempeflott med ein sykkeltaxi til bruk i pleie- og omsorgstenestene.
– Sykkeltaxien gir pasientar ei moglegheit til å kome seg vekk frå institusjonen og ut i naturen. Både eldre, vaksne og barn som er rørslehemma, kan saman med pårørande eller tilsette i omsorgssektoren, få stor glede av farkosten, trur Koen. Kommuneoverlege Arne Gotteberg har sete i styret i «Sunne kommunar» i tre periodar, og han var også med på å starte opp nettverket.
– Det er fint for meg å få eit synleg resultat hit til Volda, av arbeidet eg har vore med på. Eg trur sykkelen kjem til å verte populær, så kan hende vi kan få fleire syklar etter kvart, seier Gotteberg.