I slutten av juli sende ni polske elektroarbeidarar krav til Statens vegvesen om å få utbetalt løn. Dei ni jobba for den danske elektroentreprenøren KB Electrotech i Hjartåbergtunnelen i Volda og i Streketunnelen ved Hellesylt, skriv Møre Nytt.

Kravet kom etter at elektrofirmaet gjekk konkurs før jul i fjor, som førte til at fullføring av Hjartåbergtunnelen vart forseinka.

I ettertid fann polakkane ut at løna dei hadde fått var under tariff, og sende krav til Statens vegvesen, som dei meiner har ansvar som byggherre for prosjektet.

– Lønna dei fekk, var 40-45 kroner i timen under tariff ei stund, sa prosjektleiar Oddbjørn Pladsen til Sunnmørsposten i juli.

Avslag

No har vegvesenet vurdert saka, og avslått kravet frå polakkane. Vegvesenet seier at ifølje kontrakten at det er entreprenøren si plikt å sørgje for korrekte lønns- og arbeidsvilkår.

Dei vedgår likevel at vegvesenet kan føre tilsyn og kontroll med entreprenøren.

Men kravet om lønsutbetaling må gå til konkursbuet etter KB Electrotech AS, seier prosjektleiar Oddbjørn Pladsen, ifølje Møre Nytt.