Dette fortel ambulansesjåførane Hogne Grebstad og Torgeir Raknes ved Volda sjukehus.
– Basen vår har vore på flyttefot ikkje mindre enn åtte gonger, før vi hamna på brakke- riggen der vi no held til under våre 24-timarsvakter.
– Vi kan ikkje akkurat seie det smakar av prioritering, når vi i Sunnmørsposten kan lese om toppane i Ambulanse Midt-Norge og deira heilt hinsides mottak av bonuspengar, torar Hogne Grebstad.
Han er veteran i fremste blålyslinje, og har vore med på alle dei åtte flyttelassa fram mot dagens brakkeløysing for dei seksten sjåførane i heildøgns vaktturnus.
Bakgrunn: Fikk ekstra bonus for å stå løpet ut
Les også: Millionbonus ble aldri styrebehandlet
Spydspissar
–Dåverande direktør Gunnar Bovim peika for få år sidan på oss i ambulansetenesta og kalla oss for sjølve spydspissane i helseføretaket. Når vi no må sove ut mellom øktene til bråket gjennom veggene frå teknisk avdeling og anna støy, kjenner ein seg langt meir som ei fjør i motvind, enn som ein spydspiss, målar Grebstad ut.
Tillitsvalgte: – De burde betale tilbake
Han er svært kritisk til pengebruken med store bonusutbetalingar til toppane i ambulanseføretaket.
– Det høyrer ingen stads heime, og det gjev ei svært uheldig signaleffekt både nedover i systemet, og ikkje minst utover til folket som vi er sette til å tene, vurderer Grebstad. Han er tidlegare seksjonsleiar for ambulansetenesta i Volda, det same er kollega Torgeir Raknes.
Også han er svært kritisk til bonusutbetalingane.
Les også: Betalte 425.000 kr i bonus - var sikret fra før
– Men ser du det som realistisk at toppane betaler tilbake bonusar dei alt har fått?
– Neppe. Men her er det prinsippa som gjeld. Dette heng ikkje på greip. Vi har alt fått varsel om pålegg frå Arbeidstilsynet, som har fleire ankepunkt mot lokala- og arbeidsforholda vi har her, fortel Raknes.
Han meiner mellom anna det er uhaldbart at ambulansetenesta må delet på eitt toalett med heile teknisk avdeling ved sjukehuset.
– Det er vanskeleg å sjå anna enn at det er pengebruk som har hindra oppbygging av lovlege og gode arbeidsforhold.
Se også: Interaktiv grafikk over alle sluttpakkene i Norge
Les også: Høie presiserer og strammer innLes også: Klinge vil ha ny regel for lønnsfesten
Les også: Haga vil opprette godtgjøringsutvalg
Les også: Sluttavtaler i strid med statens retningslinjer
Les også: Ga helsedirektør fallskjerm i åtte år som tannlege