Eplesideren er det nyaste prosjektet til Kristine Skarbø og mannen Carlos Ruiz Rabelo som i 2014 kom heim og tok over odelsgarden til Kristine på Stranda. Skarbø-garden inne i «bygda» var eit tradisjonelt mjølkebruk der dei no har starta osteproduksjon. Og altså eplesaft og sider.

– Ost er ikkje noko nytt her på garden, seier Kristine. Her heldt «Bygden meieri» til heilt til det var lagt ned i 1917 – akkurat hundre år før vi starta med vår osteproduksjon. Fruktdyrking var og vanleg langs fjorden her før i tida. Det har blitt mindre av det no, men frukttrea våre skal gi oss råstoff til både eplesaft og sider.

foto
Butikk: I kjellaren på Skarbø skal Kristine og familien lage til ein liten gardsbutikk der folk kan få kjøpe ost, saft og sider. Foto: MARIUS SIMENSEN

I full jobb

Skarbø er ein flott gard som ligg vakkert til med utsyn over Storfjorden. Eli Tjore Skarbø og Lars Helge Skarbø har blitt kårfolk, men er framleis aktivt med i drifta.

– Og vi hadde ikkje greidd oss utan dei, slår Kristine fast.

Akkurat no har ho mammaperm, men er til vanleg forskar i full jobb på det som før var Landbrukshøgskulen på Ås, men som no heiter Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Mannen Carlos har også full jobb utanfor bruket. Men dei må nok snart finne ut om det skal bli ei endring på dette. Det blir for stritt med to fulle jobbar, to små barn og gardsdrifta.

foto
Logo: Lokket på denne smørtina har vore inspirasjon for logoen Skarbø ysteri. Foto: MARIUS SIMENSEN

Det var heller ikkje sjølvsagt at odelsjenta med ein doktorgrad i økologisk antropologi og spennande forskingsprosjekt mellom anna i Sør-Amerika, skulle ta med seg sin spanske ektemann og reise heim til Stranda. Men slik vart det. Carlos er skogbruksutdanna og kjem frå ein familie der dei driv med landbruk og osteproduksjon. Så heilt ukjent var ikkje livet på landet for han heller.

– Familien hans produserer mellom anna vin, fortel Kristine.

– Så då er det neste prosjektet vinstokkar i bakkane ned mot Storfjorden?

– Nei, vi må nok satse på sideren, ler ho.

foto
Mamma: Vesle Carolina (10 md.) i nærkontakt med ein av råstoffprodusentane. Foto: MARIUS SIMENSEN

Eksklusiv

Osten blir produsert i kjellaren på garden der det er investert i ysteri med støtte frå Innovasjon Norge. Den gamle potetkjellaren har blitt til ostelager. Produktet frå Skarbø gardsmeieri er ein fast og ganske mild ost av rykande fersk og upasteurisert mjølk. Den skal vere av det litt eksklusive slaget, og på kundelista står fleire store reiselivsaktørar i Møre og Romsdal.

foto
Samarbeid: Spanske Carlos kjem sjølv frå ein familie der dei både produserer ost og vin. No vurderer ekteparet på Skarbø gard å utvide drifta med gardsturisme. Foto: MARIUS SIMENSEN

Mange planar

Lars Helge Skarbø er tydeleg stolt over odelsjenta og svigersonen som viser stor kreativitet når det gjeld å skaffe seg fleire bein å stå på enn det som har vore vanleg på eit tradisjonelt vestlandsbruk. Han og kona Eli har i mange år hatt eit «Inn på tunet»-tilbod til skuleelevar, og Kristine og Carlos held fram med det. Dei unge leiker også med tanken på å satse på gardsturisme.

– Ja, Skarbø er ein fantastisk fin gard der turistane heilt sikker vil like seg godt. Slikt kan eg seie som er innflyttar frå Bergen, ler Eli.

Denne saka vart først publisert i Sunnmøringen.