– Kjernekraft har ei rekkje krevjande sider knytt til kostnader, tryggleik og ikkje minst når det gjeld oppbevaring av avfall. Vår vurdering er at kjernekraft ikkje er ei aktuell problemstilling i Noreg, skriv Terje Aasland (Ap) i ein e-post til VG.

Avisa skreiv tidlegare torsdag at milliardær Trond Mohn er hovudaksjonær i det nystifta selskapet Norsk Kjernekraft, som jobbar for å få på plass fleire små kjernekraftverk i Noreg om ti til femten år.

– Dette er starta etter fleire år med analysar av om det er realistisk at vi klarer å gjennomføre dette på ti til femten år. Deretter om det er noko Noreg treng og noko det vil vere politisk vilje til, sa dagleg leiar Jonny Hesthammer til VG

Det har aldri vore kommersiell drift av kjernekraft i Noreg, og det finst ikkje konsesjonsprosessar og styresmakter til å godkjenne dette. Selskapet har per i dag tre tilsette. Blant dei er kjernefysikar og kjernekraftforkjempar Sunniva Rose.

Energiminister Aasland seier at regjeringa heller vil satse meir på vasskraft, vindkraft og etter kvart også solkraft.