– Det er fantastisk å kunne sette seg på sykkelen og trakke seg ut hit for å ta noko godt og drikke og sjå på solnedgangen, før du trakkar deg heim igjen, smiler Kent Rune.
Den vesle, kvite sommarhytta ligg i enden av Refviksanden i retning Vedvik på Vågsøy. Går du gjennom dei gamle smijernsportane og opp trappa kjem du opp på ein terrasse med ei utsikt som er av den sjeldne sorten.
– Eg må klype meg litt i armen kvar gang, smiler Siri Kitt.
Anita og Svein Arne elskar den spektakulære utsikta si. No vil dei dele den med andre
Her ser du heile sanden og bølgene som slår mot land. Snur du litt på hovudet er det hav så langt auge kan sjå.
– Dei fleste som kjem på besøk må ta ein snap eller legge ut noko på Instagram før dei kan legge vekk telefonen og berre nyte, smiler Siri Kitt.
Men det har vore ein del jobb for å få det slik dei vil ha det.
Bygd på 50-talet
Tomta der hytta står vart kjøpt av oldeforeldra til Kent Rune på slutten av 1950-talet, og det var oldefaren, bestefaren og far hans som grov ut tomta for hand og bygde hytta.
– Historia bak kvifor dei lagde seg eit feriehus i Refvik når det var her dei budde og hadde gardsbruk, den er eg ikkje heilt sikker på, seier Kent Rune, som i dag bur midt i Refvik-bygda saman med Siri Kitt.
– Men oldeforeldra mine hadde ungar som hadde eller skulle flytte vekk, så intensjonen kan ha vore å skape eit samlingspunkt for familien. Då vi sjølve var små var vi alltid på denne delen av stranda og stakk oppom hytta, legg han til.
Hytta gjekk i arv og på eit tidspunkt var den eigd av to partar. Ein i Ålesund og ein i Hønefoss. Men det vart langt å reise både for bruk og vedlikehald.
– Vi fekk ein telefon ein dag om at den eine parten ville selje seg ut, og vi stilte jo oss spørsmål om vi var klar for dette, fortel Kent Rune.
– Eg var heilt sikker. Eg hadde sett på hytta sidan eg flytta ut her. Det var heilt klart ein god del som måtte gjerast, men det har vi aldri vore redde for, legg Siri Kitt til.
Og slik vart det. Seint i 2020 kjøpte dei ein del av hytta, og i 2021 fekk dei kjøpt den andre delen. Dei hadde med det si heilt eiga hytte i heimbygda.
Sliten av vêr og vind
Men den nær 70 år gamle hytta trengde omsorg, og det skulle den få.
– Alternativet var jo å rive, men med all historia i hytta, så ville vi ikkje det, seier Kent Rune.
Tak og takrenner er ordna, eit bislag er rive, hytta har fått måling, alle vindauge har blitt skifta ut og ei lita verandadør har blitt bytta ut med ei stor balkongdør. Utanfor verandadøra var det ein smal terrasse i balkong.
I fjor utvida Kent Rune og Siri Kitt terrassen og la terrassebord, slik at ein no også har ein fin plass med morgonsol i le for nordavinden på innsida av hytta.
Inne i hytta er det mellom anna sett inn nytt kjøkken og måla. Og på utsida har dei rydda området rundt hytta.
– Vi kunne ikkje vente med å gjere noko. Rett eter at vi tok over bles ei takplate av, så det var på høg tid å få gjort litt, fortel Kent Rune, og legg til:
– Det har blitt nokre timar med arbeid, men for min del er det rein rekreasjon å halde på med vedlikehald her.
– Og det å gå og måle her med bølgeskvulp. Du treng ikkje musikk på øyra då. Og så har vi vore flinke til å nyte hytta undervegs. Kvar gang vi er her og gjer noko, så tar vi oss ein kvil og nyt hytta, seier Siri Kitt.
Og hytta, den kan nytast i all slags vêr.
– Det er sjølvsagt veldig fasinerande å sitte her når det er skikkeleg ruskevêr også. I og med at vi ligg heilt ut i sida, ser vi ruskevêret rase forbi, fortel dei.
Eit samlingspunkt igjen
Og sjølv om hytta ligg om lag ein kilometer frå huset til Siri Kitt og Kent Rune, så blir den mykje brukt.
– Vi brukar den med venner, familie og slekt. Ungane våre er også veldig glade i å vere her. Eg sjølv brukar den ofte på dagtid når eg har turnusfri, fortel Siri Kitt.
Ho har ofte med seg ei bok, men det er ikkje alltid det blir så mykje lesing.
– Av og til blir eg berre sittande å lytte til bølgene og sjå utover. Og så kjem det ofte ei venninne eller ein nabo forbi og stoppar for ein prat eller ein kaffi.
Hytta består av to etasjar. I førsteetasje er det stove, kjøkken og ein liten gang. I andreetasje er det to soverom. Doen står ute.
– Vi nærmar oss første overnatting, men fasilitetane er ikkje heilt på plass enda. Per no er det verkeleg ei god gamaldags hytte med utedo og utan innlagt vatn, men på sikt blir det kanskje litt meir komfort, seier Kent Rune.
Og sjølv om ikkje alt er heilt på plass, så har pågangen vore stor når det kjem til å låne eller leige hytta.
– I starten tenkte eg på det, men på dei finaste dagane vil vi jo bruke den sjølv. Det er jo som kjent ikkje kvar dag ein kan sjå sola gå ned i havet, smiler Siri Kitt, og held fram:
– Vi ønskjer at det igjen skal vere eit samlingspunkt for familie, slekt og venner, slik som det var.
– Ja, når ein har noko slikt, så er det viktig at det blir brukt, legg Kent Rune til.
– Kva er det beste med hytta?
– Utsikta og plasseringa, stadfestar Siri Kitt og Kent Rune.
Denne saka er henta frå Nordfjordsamkøyringa sitt Hus og heim-magasin. Her kan du lese heile magasinet.