Det kjem fram i ein dom frå Møre og Romsdal tingrett.

Hendinga skjedde denne hausten.

Guten i tenåra hadde fått sertifikatet dagen i førevegen. Han forklarte til retten at han hadde mykje adrenalin i kroppen.

Derfor gav han på litt ekstra med motorsykkelen sin.

Men politiet ferska tenåringen i å køyre i 132 kilometer i timen i ei 60-sone.

Han stoppa heller ikkje opp då politiet bad han om å gjere det.

Guten gøymde seg i eit lagerbygg, før han deretter fekk nokon til å køyre seg til politiet.

Tenåringen erkjenner straffeskuld og seier at han angrar veldig på det som ha skjedd.

Likevel må han sone 25 dagar i fengsel. Dessutan må han klare seg utan sertifikatet i 30 månader.