– Eg var faktisk litt spent på om pakka skulle kome også i år. Det har jo gått føre seg i så mange år no. Men pakka, ho kom. Og denne gongen er ho tre gonger så stor som i fjor. Storleiken aukar proporsjonalt med mysteriet. Held det fram slik må ho vel snart fraktast med trailer, ler Arne Sandnes.

I over 20 år har det før jul kome ei stor pakke til familien Sandnes, innehaldande julegåver til Arne og kona Inger – og dei fire borna Kristin, Øyvind, Magnus og Lars Olav. Det er merkelapp på kvar enkelt gåve.

Personlege gåver

Arne har til dømes opp igjennom åra fått både solbriller, armbandsur, lyskastar, hanskar og ein stegteljar.

Ja, stegteljar har faktisk alle i familien fått. Andre gonger kan det vere kjøkenutstyr eller til dømes kosmetikk og klede.

Familien oppfattar det som personlege gåver frå nokon som kjenner dei.

Men dei veit altså ikkje kven avsendaren er. Det står berre: «Fra alle oss i Arendal».

Inger Gilje Sandnes og Arne Sandnes i Valldal med den mystiske julepakka som kvart år kjem i posten. Foto: Terje Engås / Arkiv

Har spurd mange

– Vi greier ikkje å finne ut kven dette er, sjølv om vi har spurd mange – og også gått ut i lokalavisa på Sørlandet. Vi er framleis utan svar. Denne gongen stod det også eit førnamn på pakka. Men eg greier ikkje å knyte det opp mot nokon vi kjenner, seier Arne Sandnes.

Litt etterforsking har avdekka at pakkene er levert inn på Post i butikk på His i Arendal.

His ligg på Hisøya, som saman med Tromøya er to store øyer utanfor Arendal sentrum.

Blånektar

– Vi kjenner folk som kan koplast til Arendal, men dei har i alle år blånekta for å ha noko med pakkene å gjere, seier Arne Sandnes.

Familien Sandnes hadde likt å få vite kven dei gåvmilde personane i Arendal er, slik at dei kunne få takka dei skikkelege.

Kva pakka inneheldt i år? Nei, det veit ikkje familien i Valldal før på julaftan.