I målsetjinga til regjeringa heiter det at den nye avgifta skal ha ein «reell klimaeffekt og betre geografisk profil».

Flypassasjeravgifta skulle eigentleg gjeninnførast 1. januar, men vart utsett til sommaren som ein del av koronakrisepakken.

Samferdselsdepartementet planlegg å leggje fram strategien i haust. Den skal beskrive korleis utslepp frå luftfarten kan kuttast og ta for seg korleis regjeringa skal auke avgangane og senke prisane på kortbanenettet.

For såkalla FOT-ruter ønskjer dei å halvere prisane for passasjerar. Dette er flyruter som ikkje er kommersielt lønnsame og dermed blir finansierte av staten, som til dømes Widerøes rute mellom Førde og Oslo i sør, og Lakselv og Tromsø i nord.

Strategien omfattar i hovudsak kommersiell flytrafikk, men vil òg ta for seg helikopterverksemd og dronar.

(©NPK)