Putin fekk 58,14 prosent av stemmene, ifølgje dei offisielle tala. I alt stemde 568 russarar i Noreg på Putin, skriv Aftenposten.

Russiske borgarar kunne delta i valet ved den russiske ambassaden i Oslo, konsulatet i Kirkenes og konsulatet i Barentsburg på Svalbard.

I alt 5,2 prosent av dei – 1176 veljarar – fekk stemmesetlar. Og i denne gruppa fekk Putin 58,14 prosent av stemmene.

Dei offisielle tala viser også at ein rekordhøg del av stemmesetlane var øydelagde. Russarar i Oslo stemde mest «opposisjonelt». Her fekk Putin 49,85 prosent av stemmene. Kvar femte stemmesetel frå Oslo vart skadd.

I Kirkenes og Barentsburg fekk Putin 82,61 prosent og 75,38 prosent av stemmene.

Dei siste 20 åra har det vore nesten ei firedobling av talet på russiske statsborgarar her i landet. Ved utgangen av 2023 budde det nesten 19.000 russiske borgarar i alderen 20 år og eldre i Noreg, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

(©NPK)