– Eg har sett bilde av røyken frå skipet «Anthem of the Seas» i Geiranger torsdag, og det er sjølvsagt noko vi har reagert på. Vi har meldt inn hendinga som eit avvik. Både reiar og Sjøfartsdirektoratet har fått beskjed. Dette er sjølvsagt ikkje greitt, seier Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda kommune, til Sunnmørsposten.

Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda kommune. (Arkivfoto) Foto: Staale Wattø

Ho forklarar at røyken i stor grad er vassdamp som kjem ut i samband med reinsing av drivstoff.

– Den reinsa røyken blir ekstra synleg i tronge fjordar, spesielt på ein dag med sol og lite vind, som i dag, seier ho.

– Er røyken farleg?

– Ut frå informasjonen vi har fått er det ikkje snakk om noko farleg utslepp, skipet må følge gjeldande miljøregulativ. Vi forventar at reiarlaget no vil sjå til at alt er slik det skal vere, og så er det Sjøfartsdirektoratet som fører tilsyn. Røyk som dette treng ikkje å bety at noko er gale, men vi forstår veldig godt at folk reagerer, og derfor melder vi inn alle slike avvik, seier Maraak.

– Har det vore liknande tilfelle med same skip før?

– Vi har ikkje fått melding om noko liknande førre gang skipet var her i området. Eg vil tru det er snakk om eit eingongstilfelle, men det skal like fullt ikkje skje.

Også i Olden, på onsdag, reagerte folk på tilsvarande røyk frå Anthem of the Seas, ifølge avisa Fjordingen.