Politistasjonssjef ved Svelgen politikontor, Espen Gulliksen, seier til Fjordenes Tidende at det ikkje er første gong ein finn slike gjenstandar langs vegane i Bremanger.

– No er det avsagde brøytestikker med teksten «kill», «drep», «pedofil» og namnet til ein enkeltperson som er funne langs vegen. Om nokon veit noko eller har observert noko om dette, vil vi at dei tek kontakt med politiet, seier Gulliksen.

Tidlegare har det blitt funne kasserte barneleikar med same type påskrift, men då retta mot tre andre personar. Det viste seg då at barneleikane kom frå ein gjenbruksstasjon.

No er det ein fjerde person som er hengt ut med ukvemsord på brøytestikker som var lagt ut langs vegen mellom Struen og Igland i Bremanger. Alle dei fire personane som har blitt uthengt er busett i Bremanger kommune.

– Dette er ekstremt ubehageleg for dei det gjeld. No ber vi om at publikum kan hjelpe oss med tips. Vi vil også oppmode vedkommande som har gjort det om å ta kontakt med politiet slik at vi kan få denne saka ut av verda, seier Espen Gulliksen.

Politiet er tydeleg på at dei ikkje ser nokon samanheng mellom skuldingane som er skrive på gjenstandane og personane dei er retta mot.

– Vi veit ikkje kven eller kvifor dei har gjort dette. Det er stygge greier, og noko vi må få slutt på, seier Gulliksen.