KFUK-KFUM sine småspeidarar, dei som vert kalla stifinnarar, er av dei yngste speidarane og går i 3. og 4. klasse. Kvar vår møtest stifinnarar frå heile Sunnmøre til vennskapeleg tevling i ulike speidarkunnskapar, og i år var det Holesanden på Hareid som var samlingsstad.

Denne gongen var det Ulsteinspeidarane som stod som arrangør for småspeidardagen, og deltakarane kom frå Volda, Larsgården og Skodje i tillegg til Ulstein.

(saka held fram under bildet)

Varierte oppgåver

Årets oppgåver femna breitt, småspeidarane vart prøvde i førstehjelp, naturkjennskap, Kims leik, livlinekast, knutar og tauklatring. Vinnarane av tevlinga vart Ekorn frå Ulstein, med Perleugle frå Volda på andreplass.

(saka held fram under bildet)

Fellesskap

– Speidarar opplever fellesskap gjennom vennskap og samarbeid i små patruljer og i gruppa, og friluftsliv er ofte ramma rundt arbeidet. Naturen vert brukt til leik og læring. Felles opplevingar gjer borna i stand til å meistre nye utfordringar. Det betyr at speidarane utfordar seg sjølve til å gjer ting dei først ikkje trudde dei skulle tore eller klare, seier krinssekretær Hild Myrene i Sunnmmøre Krins av Noregs KFUK-KFUM speidarar.