Etter fleire veker med rivearbeid, var Ulstein samfunnshus onsdag jamna med jorda.

  • Sjå bilde frå rivinga og les meir om historia i video-klippet over(NB: Nokre har opplevd problem med avspeling på mobil, problemet er no fiksa!)

Huset vart teke i brukt i 1960 og kosta då 550.000 kroner. Her har vore nasjonale og internasjonale artistar på scena. Dans- og amatørkonkurranser var spesielt populært dei første tiåra. Men bygget som vart omtala som «kommunen si kulturelle storstove» ved opninga, har óg vore nytta til ulike festlege lag og sportslege aktivitetar.

(historiske kjelder: Aksel Hauge og Leif Ringstad)

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no