Hanne Marie Pedersen-Eriksen har hatt sommarjobb som prest i både Ålesund og Giske. No er ho i sluttfasen av sin stiftspraksis, der ho har vore vikarprest i Ålesund, Borgund og Voldsdalen i fem veker.

Pedersen-Eriksen føler seg sterkt knytt til Møre. Ikkje berre på grunn av familietilknytting, men ho har også utvikla ei kjensle av at ho er kalla til å jobbe i nettopp Møre bispedøme.

– Eg elskar folka her. Og eg elskar staden. Det var godt å komme tilbake hit til praksisen no, seier ho.

Har gjort vedtak

Men utsiktene for at ho skal få prestejobb i Møre bispedøme er smale.

– Møre bispedømeråd har eit vedtak på at folk som lever i sambuarskap eller homofile ekteskap ikkje skal tilsetjast i vigsla stillingar, seier Modulf Aukan, leiar i Møre bispedømeråd.

Det er bispedømerådet som tilset prestar.

Pedersen-Eriksen har også hatt ein samtale med biskop Ingeborg Midttømme, der ho vart informert om at hennar livsval ville føre til at ho ikkje ville bli tilsett som prest i Møre.

– Å få eit nei på den måten er eit nei til mitt liv, som eg ønskjer å dele med ei jente eg elskar. Det er så vanskeleg, seier ho.

Støtte

Likevel har Pedersen-Eriksen bestemt seg for å søke på dei stillingane ho ønskjer seg.

– Det er fordi eg føler kallet frå Gud så sterkt. Å ikkje følgje det kallet følast for meg som å spytte på Gud, seier ho.

– Eg har fått stor støtte frå folk eg har møtt her. Det er fleire som har bedt meg om å søke. Eg har blitt møtt på ein utruleg god måte. Det river i meg å vite at det er umogleg, når det faktisk er folk som vil ha meg her.

Pedersen-Eriksen meiner også at bispedømerådet har godt av å bli utfordra med å få ein konkret sak på bordet.

– Det er forskjell på å ikkje støtte det i teorien, og å faktisk få søknaden i fanget, seier ho.

Pedersen-Eriksen meiner ho kan vere ein god prest, fordi ho er glad i menneske.

– Samtidig trur eg at på grunn av legninga mi kan eg kanskje få andre som føler at dei er utanfor til å føle seg meir velkomne i kyrkja, seier ho.

Ho er for tida i ein søknadsprosess i bispedømet.

Ikkje vits å søke

– Dette har vi vore konsekvent på, og det trur eg dei fleste veit. Derfor har nok dei fleste som lever i sambuarskap eller likekjønna ekteskap latt vere å søke på prestestillingar i Møre, seier Modulf Aukan, leiar i Møre bispedømeråd.

– Betyr det at det ikkje er nokon vits for dei å søke på prestestillingar her?

– Nei, så lenge vi har den praksisen vil det ikkje vere nokon vits, seier Aukan.

Alternativ liste

Nokon som vil endre den praksisen er Åpen folkekirke Møre, som stiller med ei alternativ liste til kyrkjevalet i haust.

Therese Utgård i Åpen folkekirke Møre meiner det er synd at Pedersen-Eriksen ikkje blir vurdert på lik linje med andre søkjarar.

– Alle søkjarar bør bli reelt vurdert ut ifrå kvalifikasjonar, ikkje legning eller samlivsform, seier ho.

Åpen folkekirke meiner at det bør vere rom for at likekjønna både skal få gifte seg, og at dei som lever i likekjønna ekteskap skal få vere prestar.

– Vi meiner at det er ei demokratisk utfordring at så få stemte ved sist kyrkjeval, og vil jobbe for ei meir demokratisk og inkluderande kyrkje. Vi håper mange fleire vil stemme ved årets val, og seier ifrå kva slags kyrkje dei vil ha, både når det gjeld tilsetjingar og mangfald i kyrkja.

Hanne Marie Eriksen Pedersen Foto: Odin Jæger